MENY

Bustad

Alle studentar i Stavanger treng ein god stad å bu. Heldigvis har du fleire alternativ å velje mellom.

  • Sørmarka studentbustader på campus Ullandhaug.
    Sørmarka studentbustader på campus Ullandhaug.
  • Bjergsted studentbustader ved Stavanger sentrum.
    Bjergsted studentbustader ved Stavanger sentrum.
  • Misjonsmarken studentbustader ved Stavanger sentrum.
    Misjonsmarken studentbustader ved Stavanger sentrum.
  • Studentbustadene i Rennebergstien på campus Ullandhaug.
    Studentbustader i Rennebergstien på campus Ullandhaug.
  • Oversiktsbilde Universitetet i Stavanger, campus Ullandhaug.
    Oversiktsbilde Universitetet i Stavanger, campus Ullandhaug.

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) eig og driv 1394 studenthyblar og leilegheiter fordelt på ulike område i region Stavanger. Det er gode moglegheiter for å få bustad dersom du søkjer innan 15. april. Ein finn nye studentbustader på campus, ved misjonsvegen og i Bjergsted i nærleiken av Stavanger sentrum. Du finn meir informasjon om bustad, prisar og fristar for å søkje på nettsidene til SiS bolig.

Du kan også leige bustad på den private marknaden. Det er ein stor privat bustadmarknad i Stavanger-området. Dersom dette er eit alternativ for deg, kan du for eksempel søkje etter husvære på finn.no eller hybel.no. Du kan òg setje inn ei annonse i dei to store avisene i Stavanger: Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis.

Som i alle store studentbyar kan det vere mange som er på jakt etter bustad samstundes. Vi tilrår difor at du startar på bustadjakta så tidleg som mogleg. Det løyser seg alltid til slutt, men å starte tidleg er ein fordel.

Lukke til!