MENY

Engasjer deg!

Ved Universitetet i Stavanger er det mange moglegheiter for deg som vil vere engasjert!

  • StOr-ledelsen
    Arbeidsutvalget StOr, nestleder for utdanning Sara Sunniva Jalali, StOr-leder Jørgen Sjøberg og nestleder for utdanning Emma Øren.
  • Engasjertuken 2015
    Engasjertuka arrangeres av Start i september hvert år og viser studenters muligheter utenfor forelesningssaler.
  • UiSi innebandylag 2015
    UiSI, UiS Idrettslag, driver med utrolige mange forskjellige sportsaktiviteter. Her er innebandylaget i sving.
  • Smis, studentavisen ved UiS, utgave oktober 2015.
    SmiS er et mediehus av, med og for studenter ved UiS.
  • Studenter som er engasjerte i Amnesty UiS.
    Amnesty UiS jobber for å fremme menneskerettigheter og skape engasjement blant studentene.
  • Yrende studentliv ved semesterstart ved UiS.
    Semesterstart og yrende folkeliv på campus ved UiS.
  • Billde av Stavanger studentsangforening
    Hvis du er glad i å synge kan kanskje studentkoret Stavanger studentsangforening være noe for deg?

 Å være med i ein studentorganisasjon og/eller linjeforeining er ein verdifull investering. Engasjementet viser at du har ekstra interesse for fagfeltet, at du tar ansvar og initiativ, samt evne til samarbeid med andre. Dessuten - det er velidg sosialt givande å vere aktiv i ein studentorganisasjon og linjeforeining.

StOr
Som student ved UiS er du automatisk med i StudentOrganisasjonen StOr. StOr er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon for studentane ved Universitetet i Stavanger.

StOr representerer studentane ved UiS, saman med Arbeidsutvalget. Leiar og arbeidsutval sit for eitt år om gangen, og blir velde av det øverste demokratiske studentorganet på UiS, Studentparlamentet. StOr har og ein paraplyfunksjon over linjeforeininger- og studentorganisasjonar. StOr arbeider kontinuerlig for å betre UiS-studentane sin studiekvardag. Les meir om StOr på våre studentsider.

Studentorganisasjoner
Våre studentorganisasjonar arbeider og samlast på tvers av studieretningar. Her kan fellesinteresser innan politikk, livssyn eller humanitær bistand vere engasjementet. Eller interessen for kaffe eller sang. Eller dialekt, fotball eller undervasssteknologi. Spennet er med andre ord stort. Fellesnemnaren er aktive studentar med mykje energi! Les meir om UiS sine studentorganisasjonar på våre studentsider.

Linjeforeininger
BI F, AKSEL, SAMSIK, JUFO, MEL , SFF, LED og MASTØK. HÆ? Etter nokre veker på UiS er du mest sannsynlig kjend med forkortingane – som jo er namna til nokre av dei mange linjeforeiningane på Universitetet i Stavanger. Men kva er eigentleg ei linjeforeining?

Ei linjeforeining er ein studentorganisasjon knytt spesifikt til studiet. På UiS har vi mange linjeforeininger knytt til fleire studieretningar. Verdien av å vere engasjert i ein linjeforening er stor og definitivt verdt å vurdere. Studentar som har vore med i ei linjeforeining er spesielt attraktive for næringslivet, og linjeforeiningar blir ofte invitert til arrangement i regi av bedrifter i regionen. Les meir om linjeforeiningar ved UiS på våre studentsider.