MENY

Fadderordninga ved UiS

Som ny student ved Universitetet i Stavanger blir du tatt godt i mot av studentar. Fadderfestivalen 2018 finn stad på campus og går over éi veke ved studiestart, frå 13. til 18. august. Fadderordninga ved UiS er eit studentdrevet tiltak.

  • Fadderfestival 2015. Yrende folkeliv på campus.
  • Fadderfestival 2015, konsertområdet på campus.
  • Sosionomfadder med fadderbarn på campus 2015.
  • Semesteropning 2015

Formålet med fadderordninga er at nye studentar skal finne seg til rette både sosialt og på universitetet. Under fadderveka blir det lagt vekt på relasjonsbygging, trivsel og samhald. I tillegg skal studentane gjerast kjent med både campus og Stavanger sentrum.

Fadderveka skal gi alle nye studentar ein lettere start på studenttilværet. Ved UiS kan fadderutvalget, i samarbeid med linjeforeningane, tilby blant anna konsertar med anerkjente artistar, leikar/turneringar, arrangement med ulike tema og standup. Det blir lagt vekt på arrangement og aktiviteter som passar alle, ikkje minst òg alkoholfrie arrangement.

Fadderutvalget 2018
Fadderutvalget består av eit styre på tre medlemmer, kor leiar Kim Roger Andersen har det overordna ansvaret.

For Fadderutvalget er det viktig at nye studentar får etablere seg på ein anna arena enn i klasserommet ved studiestart. Slik er det lettere å trå ut av komfortsona og ta initiativ til å bli kjent med nye menneske. Fadderfestivalen skal tilby eit breitt tilbod, slik at så mange studentar som mogleg deltar på samtlige arrangement.