MENY

Eit av Norges beste treningssenter

Etter lange dagar på lesesal og grupperom, er det godt å få pulsen skikkeleg opp. Eller kanskje du helst vil trene før førelesinga, eller midt på dagen? Som student ved Universitetet i Stavanger treng du ikkje forlate universitetsområdet for å halda deg i form. Samskipnaden har eit av landets beste sportssenter på campus!

  • SiS Sportssenter på campus Ullandhaug.
  • SiS Sportssenter har Rogalands høyeste klatrevegg.
  • Basketball i SiS Sportssenter
  • Styrkerommet i SiS Sportssenter
  • Klatrevegg i SiS Sportssenter, Univeristetet i Stavanger

SIS Sportssenter har tilbod som er godt tilpassa ein studentkvardag. Her kan du velje mellom nærare 100 ulike gruppetreningstimar i veka - gjennom heile dagen! SiS Sportssenter tilbyr alt frå yoga og pilates til Zumba, body pump, spinning, bootcamp og CrosSiS.

Sportssenteret har dessutan to squashbanar og ein 14 meter høg klatrevegg, der vi jamleg held klatrekurs.

Senteret tilbyr i tillegg personleg trenar, kosthaldsrettleiing og barnepass.

På SiS Sportssenter finn du:

  • Fleirbrukshall av internasjonal standard
  • Ein 14 meter høg klatrevegg
  • Store og moderne buldreareal 
  • Styrke- og fitnessområde på 600 m2
  • Eigen crossfit-inspirert avdeling: Sports Performance
  • Tre gruppetreningssalar
  • Spinningsal på 100 m2
  • To squashsbanar

Alt dette til særs gunstige prisar både for studentar, private og bedrifter. 

Gjennom året arrangerer SiS Sportssenter ulike spesialtimar, workshops, foredrag og treningskonkurransar du kan vere med på.

Sjekk heimesidene til SiS Sportssenter!