MENY

Institutt for energiressursar

Institutt for energiressursar er eit sterkt fagmiljø ved Universitetet i Stavanger, med forsking og utdanning som held høgt internasjonalt nivå.

Illustrasjonsfoto av petroleumsforskning

Institutt for energiressursar, som er ein del av Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, har eit internasjonalt miljø med vitskaplege tilsette som driv forsking i energiressursar, teknologi for auka oljeutvinning (IOR), beslutningsanalyse og geologi.

Studieprogram ved instituttet tilbyr kurs i leiting og utvinning av petroleum- og naturressursar. Instituttet fokuserer på internasjonalisering, med utvikling av engelskspråklege studium og stor mobilitet blant vitskaplege tilsette og studentar.

Instituttet har omfattande forskingsaktivitetar og leier Nasjonalt senter for auka oljeutvinning (IOR) (engelske sider), oppretta av Olje- og energidepartementet.