MENY

Studietilbod ved IMBM

Institutt for maskin, bygg og materialteknologi har eit variert studietilbod på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Alle studietilbod er knytt til eitt eller fleire av dei fire fagområda til IMBM.

  • Byggearbeidarar i arbeid. Illustrasjon til byggingeniør-studiet ved Universitetet i Stavanger.

    Bachelor i Bygg, studieretning konstruksjonsteknikk

    Bygningsingeniørar bidreg i utforminga av det meste du ser rundt deg, frå komplekse konstruksjonar til hus og industribygg.

  • UiS Subsea-studenter med undervannsrobot.

    Bachelor i Maskin, studieretning konstruksjons- og materialteknikk

    Maskiningeniørar jobber i mange ulike bransjer, sidan mekaniske komponentar finst overalt: i hus, bilar, båtar, fabrikkar og oljeplattformar, i den minste delen på eit skateboard og i motoren på eit romfartøy.

  • Tre studenter på masterstudiet i Konstruksjoner og materialer ved Universitetet i Stavanger på maskinlaben.

    Toårig master i Konstruksjoner og materialer

    Masterstudiet i konstruksjonar og materialer gir kompetanse innanfor konstruksjonsteknikk, materialteknologi og maskintekniske system. Du velgjer fordyping i Byggkonstruksjonar, Maskinkonstruksjonar eller Offshorekonstruksjonar.

  • Foto av industrianlegg. Bildet illustrerer masterstudiet Offshoreteknologi Industriell teknologi og driftsledelse ved Universitetet i Stavanger.

    Toårig master i Industriell teknologi og driftsleiing (Industrial Asset Management)

    Denne masteren gir deg ein tverrfagleg kompetanse som er etterspurd i både offentleg og privat sektor. Studiet fokuserar hovudsakleg på teknologi, drifts- og leiingsaspekter av komplekse tekniske system.

  • Foto av stigerør på plattform (offshore-teknologi). Bildet illustrerer masterstudiet i offshoreteknologi: marin- og undervannsteknologi ved Universitetet i Stavanger.

    Toårig master i Marin- og offshoreteknologi

    Studiet byggjer på grunnleggjande matematiske emne og fokuserar i stor grad på fasthetslære, marinteknologi og marine operasjonar, og dynamisk konstruksjonsanalyse. Desse kjernefaga fyllest ut med spesialfag og leder til mastergrad i marin- og offshoreteknologi.

    Studentane har også tilbod om å ta ein dobbelgrad som UiS har i samarbeid med Gubkin State University i Russland - Master in Offshore Field Development.

  • Fire masterstudenter i konstruksjoner og materialer-studiet i arbeid på maskinlaben på Universitetet i Stavanger.

    Femårig master i konstruksjonar og material

    Masterstudiet i konstruksjonar og material gjev deg ein tverrfagleg og etterspurd kompetanse som kvalifiserer deg for eit bredt spekter av verksemder i næringslivet. Du velgjer enten bygg- og offshorekonstruksjonar eller maskinkonstruksjonar.

  • Foto/illustrasjon av oljerigg i Arktis. Bildet illustererer masterstudiet i offshoreteknologi ved Universitetet i Stavanger.

    Femårig master i offshoreteknologi

    Denne masteren gjev deg kunnskap innanfor eit bredt spekter av fagområder, samt kompetanse som offshore og marine næringer er avhengige av. Du velgjer først bachelorprogram i maskin eller bygg konstruksjonsteknikk, før du tek overgang til masterstudiet dei siste to åra.

  • Ph.d. i offshoreteknologi

    Doktorgradsstudiet i offshoreteknologi har spesialiseringar innanfor:

    • Bygg- og offshore konstruksjonar
    • Maskinteknikk og materialteknologi
    • Marin- og undervannsteknologi
    • Industriell teknologi og driftsleiing