MENY

Institutt for matematikk og fysikk

Institutt for matematikk og fysikk (IMF) driv med forsking og undervising innanfor dei naturvitskaplege fagområda matematikk, statistikk og fysikk.

Foto av tavle, matematikk og naturvitenskap ved UiS

Instituttet er ein del av Fakultet for teknologi og naturvitskap. Vi tilbyr studium frå bachelorgrad, via mastergrad til doktorgrad.

IMF har ansvar for all grunnleggjande undervising i matematikk, statistikk og fysikk ved fakultetet. Det er i dag rundt 40 tilsette (inklusiv stipendiater og postdoktorer) og 100 studentar tilknytta instituttet.