MENY

Invitasjon til lærarar og skoleklasser

Institutt for data- og elektroteknologi ønsker å invitere deg og dine elevar til å besøke oss og sjå kva vi held på med. Eit elevbesøk på tre timar hos oss er enkelt, interessant og underhaldande.

Vi ønsker at besøkande skal:

  • Sjå noko - sjå våre nye robotar i aksjon
  • Lære noko - lær om kva elektro- og dataingeniørar gjer
  • Gjere noko - få «hands on» og lag noko medan du er her!

La dine elevar bli betre i stand til å gjere eit riktig utdanningsval. Gi dei tilgang til våre forelesarar for å få ei betre forståing for moglegheitene etter vidaregåande skole. Elevane blir oppmoda til å stille spørsmål under heile besøket.

Opplegget er tilpassa 2. års elevar på studiespesialisering som har relevant realfagsbakgrunn (fysikk/matematikk). Vi kan ta imot inntil 40 elevar om gangen. 

Vi spanderer også ein enkel lunsj. Kontakt oss for å finne eit tidspunkt som passar begge partar.