Resultatet av studentvalet 2021

Teknat-liste fekk flest stemmer, og total oppslutning på valet var 15,73 prosent.

Published Sist oppdatert
Nestleiar for læringsmiljø Sara Bianca Beitz (til venstre) og leiar for Studentorganisasjonen (StOr) Eira Aas Eide er stort sett fornøgde med årets studentval. Her saman med Martin Solheim, nestleiar for utdanning.

Årets val vart halde frå 18. til 31. oktober. Oppslutninga var 15,73%, med totalt 1901 stemmer, og dermed ikkje like høg som i rekordåret 2020, då oppslutninga var på heile 19,49 prosent.   

Vinnaren av årets studentval, og lista som dermed sikrar seg flest mandat inn i det påtroppande studentparlamentet, er Teknat-liste.

– Vi tenker at oppslutninga, alt tatt i betraktning, er god. Ein vil jo sjølvsagt alltid gjera det betre enn tidlegare år, men vi ser utfordringar i det å nå ut til å engasjera studentane som starta studia under koronapandemien, og trur vi må jobba målretta og taktisk mot å engasjera dei vidare òg, seier StOr-leiar Eira Aas Eide. Ho og Sara Bianca Beitz, som har vore ansvarlege for årets val, ser fram til fortsetjinga: 

– Vi håper at det påtroppande studentparlamentet er klart for å engasjera seg både med å fremma politikken sin, men også i sakene som arbeidsutvalet og andre fremmar i året som kjem, seier Beitz.