MENY

Barnehagekonferansen 2017

Velkommen til Barnehagekonferansen 2017. Denne konferansen er ein fagleg møteplass for barnehagefolk i Rogaland.

Den 4. mai er det duka for Barnehagekonferansen 2017. Konferansen vert arrangert mellom klokka 09:30 - 15:00 i auditoriet i Elise Ottesen-Jensens hus ved Universitetet i Stavanger. Det er Fylkesmannen i Rogaland, UiS og Utdanningsforbundet som arrangerer konferansen.

Ny rammeplan 

Målgruppa for konferansen er alle som arbeider i og med barnehage, og tema for konferansen er: "Ny rammeplan i barnehagen - kva no?".

I august 2017 skal ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver innførast. Rammeplanen er barnehagen sitt fremste pedagogiske verktøy, og det er knytt stor spenning til kva føringar som vil liggje til grunn for arbeidet som skal gjerast i barnehagane. 

Etter tilrådingane frå Kunnskapsdepartementet i stortingsmelding 19 var det stor skepsis i barnehageprofesjonen i samband med varsling om læringsutbytte, språknorm og auka fokus på kartleggjing. Tradisjonelt har barnehagen i Noreg arbeidd etter eit heilskapeleg syn på barn, med stor vekt på leik og ikkje på læringsmål. Mange har vore engasjerte i høyringsprosessen der både leiken sin plass, pedagogen si rolle og metodefridom er drøfta.

Er ansvaret tydelegare?

Innhaldet i den nye rammeplanen har vore ute til brei drøfting, og spørsmåla no er korleis planen skal implementerast. Den nye rammeplanen skal vere framtidsretta, kunnskapsbasert og relevant og vere eit tydeleg styringsdokument for barnehagen.

Kva vil det bety for kvardagslivet i barnehagen at innhald og oppgåver skal styrast endå meir gjennom mål? Er barnehagelæraren sitt ansvar blitt tydelegare slik det vart sagt i stortingsmelding 19, og korleis vil det eigentleg bli å vere barn i barnehagen etter at rammeplanen er innført?

Les meir om Barnehagekonferansen på Fylkesmannen si nettside.


Førelesarar på Barnehagekonferansen 2017:

  • Rammeplanens historie v/ Anita Berge, førsteamanuensis ved UiS

  • Ny rammeplan v/Victoria Elise Olsen, rådgivar i Utdanningsdirektoratet, avdeling for læreplanimplementering

  • GoBaN ( «Gode barnehagar for barn i Noreg»), Noregs største forskningsprosjekt innan barnehagefeltet som undersøkjer korleis norske barnehagar påverkar barnehagebarn, v/ Marit Alvestad, professor i pedagogikk ved universitetet i Stavanger, Elisabeth Bjørnestad, førsteamanuensis og post doc. i barnehagepedagogikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Anne Grethe Baustad, stipendiat ved Nord universitetet

  • Dei yngste barna og deira bidrag i eigen kvardag v/ Ninni Sandvik, Dosent i pedagogikk ved Høgskolen i Østfold

Biletet syner born i ein barnehage.

Tema for Barnehagekonferansen 2017 er "Ny rammeplan i barnehagen - kva no?". Foto: Steinar Figved.