MENY

Akademisk Skavlan om kunstkritikk

Er kunstkritikk framleis viktig, eller har den tradisjonelle kunstkritikken utspelt si rolle? Dette og meir skal vi samtala om i «Akademisk Skavlan om kunstkritikk».

Kva er kunstkritikk? Korleis skildra kunstnarisk kvalitet i kritikkform? Finst det gode kriterier for god og dårleg kunstkritikk? Og er kunstkritikk framleis viktig, eller har den tradisjonelle kunstkritikken utspelt si rolle? Dette og meir skal vi samtala om i «Akademisk Skavlan om kunstkritikk».

Gjestar: Gunnar Danbolt (professor emeritus i kunsthistorie, UiB), Merete Jonvik (forskar og sosiolog, IRIS), kunstkritikarane Tommy Olsson (Klassekampen), Kristina Ketola Bore (Contemporary Art Stavanger) og Trond Borgen (Stavanger Aftenblad).

Merete Jonvik presenterer forsking om kritikarar sine vurderingar av kunstnarleg kvalitet.

Berit Moltu er i rolla som Skavlan.

Arrangør er Sosiologforeininga Rogaland i samarbeid med Kunsthall Stavanger.

Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.

Velkommen!

Kunsthall Stavanger