MENY

Disputas om språkbruken i Cambridge i mellomalderen

Geir Bergstrøm disputerer for doktorgraden i lesevitenskap 13. september 2017. Han forsvarar avhandlinga "Yeuen at Cavmbrigg' - Eit studium av engelske dokument ifrå seinmellomalderens Cambridge".

Avhandlinga er eit studium av dokument skrivne på engelsk i Cambridge eller i dei nærliggande områda ein gong mellom tidleg 1400-talet og 1547. Hovudmåla til Geir Bergstrøm har vore å undersøka språkbruken i Cambridge i mellomalderen og sjå kva for rolle språksamfunnet i byen kan ha spelt i utviklinga av standard engelsk.

Avhandlinga er ein del i eit større forskingsprosjekt, ‘The Language and Geography of Middle English Documentary Texts’ (MELD), og bygger på eit tekstkorpus Bergstrøm sjølv har sett saman, ‘A Corpus of Cambridge Documents’ (CCD).   

Ved hjelp av metodar utvikla saman med dei andre medlemmane i MELD-prosjektet blir den språklege variasjonen i tekstane relatert til metadata og tekstkategoriar som kvar og når teksten blei skriven, sjanger og domene, i tillegg til utsjåandet, kvaliteten og storleiken på sjølve manuskriptet.

Ortografiske variablar

Undersøkinga er basert på ortografiske variablar, som til dømes (sh), (th) and (wh), og morfologiske variablar slik som personleg pronomen og verbendingar. Variasjonen er relatert både til kronologi og funksjonen til tekstane, samt opphavet. Han blir også relatert til variasjonen i tekstar frå andre stader i England, inklusive London.  

Eit av funna er at skritspråket i Cambridge skil seg frå regionen elles. Det kan tyda på at skriftspråket utvikla seg i eit anna tempo og retning i bymiljøet rundt universitetet enn kva som var tilfelle i dei meir rurale områda i East Midlands og East Anglia.

Utviklinga mot eit standard skriftspråk

Funna elles viser at Cambridge lå langt framme i utviklinga mot eit standard skriftspråk. Det er relativt færre forskjellige stavingar i tekstane frå Cambridge enn elles i England. Sjølv om hovudvarianten ikkje alltid er den som endte opp i standarden kan dette tyda på at språksamfunnet i Cambridge spelte ei rolle i utviklinga mot eit standard skriftspråk. 

I tillegg viser funna at skrivarane frå tid til anna valde former utfrå reint praktiske omsyn. Til dømes ser ein at <þ> blei nytta i staden for <th> i manuskript der det var lite plass til teksten eller i visse tekst-typar for å spare både plass og tid. Eit anna døme er bruken av stum <-e>. I ein tekst er han nytta til å forlenga ord og strekkja ut teksten for å fylla opp manuskriptet. Variasjonen ein finn i skriftleg språk kan altså ha sitt opphav i heilt andre faktorar enn den ein finn i munnleg.

Skriftleg versus munnleg språk 

Sidan historiske språk kun overlever i form av skrivne tekstar, meiner Bergstrøm difor ein må vera særs forsiktig med å ukritisk nytta dei forskjellige metodane som har blitt utvikla for å studera språkleg variasjon, ettersom desse stort sett er retta mot munnleg språk. Skrifleg språk må bli studert som noko eige, separat frå munnleg.  

Ein type dokument er forskjellig frå dei andre. Gildeskråer har meir til felles med litterære tekstar enn dei andre dokumenta i korpuset. Ikkje berre liknar dei meir i utsjåande, men også reint språkleg. Språket i dei er meir konservativt, meir likt dei ein finn i religiøse tekstar frå same tid.  

Disputasen

Prøveførelesinga, med tildelt emne "Current trends in Middle English dialectology and standardization: new evidence from fifteenth-century documents", er klokka 10.00. Sjølve disputasen startar klokka 12.00.

Professor Merja Stenroos ved Universitetet i Stavanger har vore hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet. 

Professor Jeremy J. Smith ved University of Glasgow og doktor Jacob Thaisen ved Universitet i Oslo har vore medrettleiarar.

Alle interesserte er velkomne, både til prøveførelesinga og til sjølve disputasen!