MENY

Disputas om handtering av mobbing og varsling på arbeidsplassen

Kari Einarsen disputerer for grada philosophiae doctor ved Handelshøgskolen ved UiS torsdag 8.februar.

forsvarar avhandlinga «Etisk infrastruktur, mobbing på arbeidsplassen og varsling: Bekjemping av uetisk åtferd i organisasjonar».

Alle interesserte er velkomne til prøveforelsing klokka 10.00 og disputas klokka 12.00. Oppgitt emne for prøveførelesinga er «Organisational ethics: Who is responsible for what?».

Arrangementet er på Universitetet i Stavanger, Arne Rettedals hus, AR V-101.

I sitt doktorgradsarbeid undersøker Einarsen korleis formelle og uformelle reglar og rutinar kan hindre uetisk og klanderverdig åtferd på ein arbeidsplass.

Les meir: Sanksjonar monnar mot mobbing

Hennar rettleiarar i doktorgradsarbeidet har vore professor Reidar Johan Mykletun (UiS) og Denise Salin (Swedish School of Economics and Business Administration, Management and Organisation, Helsinki, Finland).

Dekan Bjarte Ravndal ved Handelshøgskolen ved UiS skal leie disputasen.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne til både prøveforelesing og disputas.

Kari Einarsen.

Kari Einarsen disputerer torsdag 8.februar.