MENY

Disputas om numerisk analyse i prosjektdesign

Fredag 6. april 2018 vil Endashaw Tesfaye Woldemariam disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Woldemariam forsvarer avhandlinga «Numerical Simulation and Customized DACM Based Design Optimization».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «Design aspects of wave energy conversion».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10.00 og disputas kl. 12.15.

Leiar for disputasen er professor Tor Hemmingsen, instituttleiar for Institutt for maskin, bygg og materialteknologi ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).