MENY

Disputas om auka oljeutvinning med nanokatalysatorar

Torsdag 12. april 2018 vil Kun Guo disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Guo, som er stipendiat ved Det nasjonale IOR-senteret, forsvarer avhandlinga «In-situ and ex-situ catalytic upgrading of heavy crude oil».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «Nanomaterials for enhanced oil recovery».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10.00 og disputas kl. 12.15.

Leiar for disputasen er professor Helge Bøvik Larsen, prodekan forskning ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).