MENY

Barnehagekonferansen 2018

Barnehagekonferansen 2018 foregår på UiS den 2. mai. Tema er Rammeplanen – Frå ide til praksis. På konferansen vil det vere fokus på pedagogen si rolle i implementering av ny rammeplan og gode verktøy for å skape høg kvalitet i barnehagen.

Barnehagekonferansen 2018 blir arrangert den 2. mai ved UiS. Tema er Rammeplanen – Frå ide til praksis. På konferansen vil det vere fokus på pedagogen si rolle i implementering av ny rammeplan og gode verktøy for å skape høg kvalitet i barnehagen.

Valg av tema for konferansen

Ny rammeplan for innhald og oppgåver barnehagen blei lansert 24. april 2017 og trådde i kraft 1. august same år.  Den nye rammeplanen legg opp til eit likeverdig og mangfaldig barnehagetilbod med høg kvalitet

Barnehagesektoren i Rogaland, viste stort engasjement og deltaking på høyringskonferansen som vart arrangert. Fylkesmannen har saman med kommunane laga ein implementeringsplan og Barnehagekonferansen 2018 er ein del av denne planen.

Ein implementeringsprosess kan vere krevjande. Den legg opp til tydeleg og god leiing på alle nivå, samt at implementeringsarbeidet må vere ein kontinuerleg og systematisk prosess. Utfordringane kan vere ulike i barnehagane, og ny Rammeplan gir høve til lokalt handlingsrom. Det er implementeringsprossessen som er tema på konferansen i år. Les meir om konferansen og påmelding på Fylkesmannen si nettside

Føredragshaldarar

Sølvi Ona Gjul, utdanningsdirektør Fylkesmannen i Rogaland
Jorunn Melberg, Instituttleiar barnehagelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger
Kari Johanne Kvistad, Dronning Mauds Minne
Kjell Arne Røvik, professor ved Norges arktiske universitet
Line Melvold, leiar i Styd kommunikasjon
Cecilie Langhold, Utdanningsdirektoratet

 

Bilete frå barnehagekondferansen 2017.

Bilete frå barnehagekondferansen 2017.