MENY

Disputas om uvisse i handtering av risiko

Mandag 14. mai 2018 vil Jahon Khorsandi disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Khorsandi forsvarer avhandlinga «Coping with Uncertainty: Linking Uncertainty-Based Risk Perspectives and High Reliability Theory, with Implications for Risk Assessment and Management».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «Review the development of the resilience engineering field. Discuss the nexus between resilience and risk».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10.00 og disputas kl. 12.15.

Leiar for disputasen er førsteamanuensis Jon T. Selvik ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).