MENY

Disputas om mineral-analyse av flømma kalk

Onsdag 6. juni 2018 vil Laura Borromeo disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Borromeo forsvarer avhandlinga «Raman Spectroscopy applied to the mineralogical analysis of flooded chalk».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «Raman spectroscopy in forensic science».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10.00 og disputas kl. 12.15.

Leiar for disputasen er professor Helge Hodne, Institutt for energi og petroleumsteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).