MENY

FORSKNINGSDAGENE: Klassen, oppvekst og samhald

Det handlar om skuleprøver, fråværsregelar, familie- og kjærasteproblematikk og ikkje minst lærarrollen når Brita Strand Rangnes skal samtale med journalist og forfattar Marte Spurkland om boka «Klassen – fortellinger fra et skoleår».

Med varme og forståing skildrar journalist Marte Spurkland eit knippe ungdom som gjev eit tversnitt av det å vere 18 år i Noreg i dag. 

Spurkland blei nominert til Brageprisen for boka «Klassen – fortellinger fra et skoleår». Boka har fått svært gode omtalar, blant anna på grunn av dei realistiske og engasjerande framstillingane av skulekvardagen til ungdom. 

Spurkland samtaler om klasse, oppvekst og samhald med Brita Strand Rangnes kl. 13.00–14.00 fredag 21. september på Universitetsbiblioteket i Kjølv Egelands hus på UiS. 

Brita Stand Rangnes er førstelektor knytt til Institutt for kultur- og språkvitenskap ved UiS og er prodekan for undervisning ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora. 

Arrangementet er eit samarbeid med Kapittel 2018.

Portrett: Marte Spurkland

Marte Spurkland kjem til Universitetsbiblioteket ved UiS for å snakke om hennar bok om ein avgangsklasse i vidaregåande skule 2017. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard