MENY

Disputas om verktøy for risikoanalyse

Torsdag 6. desember 2018 vil Leif Inge Kjærvoll Sørskår disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Sørskår forsvarer avhandlinga «Contributions to effective risk management. On the use of safety principles, economic tools and safety climate instruments».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «Resource allocation in health care – new technologies and challenges to prioritize».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10.00 og disputas frå klokka 12.15 og utover.

Leiar for disputasen er førsteamanuensis Jon T. Selvik ved Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).