MENY

Disputas om kambrisk kvarts-sandstein

Mandag 21. januar 2019 vil Sanne Lorentzen disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Lorentzen forsvarer avhandlinga «Global vs. local factors for the high sediment maturity of Cambrian quartz ».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «The sedimentary record of climate change throughout Earth's history».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er professor Alejandro Escalona, Institutt for energiressurser ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).