MENY

Tysdagsforedrag: Tasen, Oksa og Porthunden. Metaforisk bruk av husdyrnemne i skjergardsnamn

Inge Særheim, stadnamngranskar ved Universitetet i Stavanger held tysdag 19. mars foredraget "Tasen, Oksa og Porthunden. Metaforisk bruk av husdyrnemne i skjergardsnamn."

Langs norskekysten finn ein mange namn på grunnar og skjer som inneheld eit nemne for husdyr, og slike namn førekjem også i vikingkoloniar vest i havet. Slike namn ser ut til å vera metaforar som ofte skildrar forma til lokalitetane. Nokre namn kan ha samband med førestillingar om ord for husdyr som tabunemningar og bruk av noanemningar (erstatningsord) i staden for dei verkelege namna.

Kvar tysdag har biblioteket i 2. etasje åpent til kl. 18.30. Kafeen og museumsbutikken har åpent til kl. 20.00.

Akademisk kvarter
Før foredraga på tysdager tilbyr vi ei kort omvisning i utstillingane, og så langt det er mulig knytt vi omvisninga opp til kveldens tema. Akademisk kvarter startar kl 18 og det er gratis inngang.