MENY

Tysdagsforedrag: Skjelettgravene frå Skeie i Klepp. Liv og død ved ein gard på jærkysten på 300- og 400-talet

Håkon Reiersen, arkeolog ved Arkeologisk museum, UiS, helt tysdag 26 mars foredraget "Skjelettgravene frå Skeie i Klepp. Liv og død ved ein gard på jærkysten på 300- og 400-talet."

Mellom 1958 og 1960 blei ei samling graver undersøkt på Skeie i Klepp. Gravene var dekte av skjelsand som gjorde at skjelett og gravgods var uvanleg godt bevart. Rogaland er rikt på gravfunn frå folkevandringstid, men det er svært sjeldan ein finn heile skjelett med smykke på kroppen. Gravene gjev oss difor nye innblikk i skiftande motar, kjønnsskilnadar og døderitual på jærkysten på denne tida.

Kvar tysdag har biblioteket i 2. etasje åpent til kl. 18.30. Kafeen og museumsbutikken har åpent til kl. 20.00.

Akademisk kvarter
Før foredraga på tysdager tilbyr vi ei kort omvisning i utstillingane, og så langt det er mogleg knytt vi omvisninga opp til kveldens tema. Akademisk kvarter startar kl 18 og det er gratis inngang.