MENY

Disputas om metodar for å unngå ulykker

Torsdag 7. mars 2019 vil Ingrid Årstad disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Årstad forsvarer avhandlinga Preventing major accidents – conditions for prudence.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er Risk governance: review of basic ideas and recent developments 

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er førsteamanuensis Jon T. Selvik ved Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging, Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).