MENY

Disputas om kunnskapskonsept i risikovurderingar

Fredag 12. april 2019 vil Kjartan Bjørnsen disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Bjørnsen forsvarer avhandlinga Contributions to improved risk assessments by highlighting the strength of knowledge concepts.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er Decision analysis versus risk analysis: what are the commonalities and differences.  

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er Helge Bøvik Larsen, prodekan for forsking ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).