MENY

Inspirasjonsdag om mat for eldre

Statsråd Olaug Bollestad kjem til Stavanger og UiS 3. juni for å delta på inspirasjonsdagen om mat for eldre som Fylkesmannen i Rogaland arrangerer.

Inspirasjonsdagen skal bidra til å styrke forståinga av kva god mat og måltidsglede har å seie for helse og trivsel hos eldre, og inspirere kommunetilsette til å sjå samanhengar mellom innkjøp av mat, kosthald og matglede.

Inspirasjonsdagen er gratis for alle.

Dei som arbeidar med matfag, eller har pleieoppgåver i institusjonar og i heimetenesta, blir oppfordra spesielt til å melde seg på.

Tid: Måndag 3. juni, frå kl. 10.00 til kl. 16.00.
Stad: Arne Rettedals hus, G-001  (elektronisk kart) 


Program og informasjon om påmelding finn du på regjeringen.no. Påmeldingsfrist er 25. mai 2019

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet.

Stortingsmeldinga Leve hele livet har som mål å skape eit meir aldersvenleg Noreg. Kvalitetsreforma skal finne nye løysningar på utfordringar knytt til mat og måltid, aktivitet, helsehjelp og samanheng og overgangar i tenestene. Mat for eldre blir også inkludert i arbeidet med å utvikle Matnasjonen Norge.