MENY

Disputas om designprosedyrar for produksjon av komponentar

Fredag 14. juni 2019 vil Aboma Wagari Gebisa disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Gebisa forsvarer avhandlinga Design Procedures and Mechanical Behaviour Characterization of Additive Manufactured Components

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Trends of Digitalization in Manufacturing.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er instituttleiar Tor Hemmingsen, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).