MENY

Disputas om auka oljeutvinning med smart vatn

Torsdag 27. juni 2019 vil Aleksandr Mamonov disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Mamonov forsvarer avhandlinga EOR by Smart Water Flooding in Sandstone Reservoirs – Effect of Mineralogy on Rock Wetting and Wettability Alteration.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Hybrid EOR methods.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er instituttleiar Alejandro Escalona, Institutt for energiressursar, Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).