MENY

Disputas om forlenga liv for offshore-konstruksjonar

Tysdag 1. oktober 2019 vil Ashish Aeran disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Aeran forsvarer avhandlinga Life Extension of Offshore Structures: A Conceptual Framework and Fatigue Damage Models.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Life cycle assessment of offshore steel structures: Design, maintenance and decommissioning.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er Instituttleiar (maskin, bygg og materialteknologi) Tor Hemmingsen frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).