MENY

UiS blir 15 år – bli med på årsfest

Tysdag 29. oktober feirar Universitetet i Stavanger 15 år. Studentar, tilsette og publikum er invitert til feiringa.

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag den 29. oktober kvart år. Då inviterer universitetet til flott seremoni i Tjodhallen.

Blant høgdepunkta i år er promosjon av doktorar, festtale av overlege og dr.med. Stein Ørn, SUS og professor II, UIS og utdeling av Lyse sin forskingspris, SR-bank sin innovasjonspris og Læringsmiljøprisen.

I tillegg byr vi på god underhaldning av den musikalske sorten frå Randi Tytingvåg Trio samt Lasse Økland (baryton) og Maria Bue Kessel (piano) frå Fakultet for utøvande kunstfag.

I etterkant av seremonien blir det kaffe og kake i foajeen utanfor.

Årsfesten er open for noverande og tidlegare studentar, tilsette og andre interesserte.

Dato: tysdag 29. oktober
Tid: kl. 13:00 - 14:30
Stad: Tjodhallen, Kjølv Egelands hus

Program:

•    Prosesjon med fanfare
•    Tale ved rektor Klaus Mohn
•    Festtale ved overlege og dr.med. Stein Ørn, SUS og professor II, UIS
•    Promosjon av doktorar
•    Utdeling av Lyse sin forskingspris
•    Utdeling av SR-bank sin innovasjonspris
•    Utdeling av Læringsmiljøprisen

Nyslåtte doktorar under seremonien i 2018

Nyslåtte doktorar under seremonien i 2018