MENY

Disputas om datasøk og -generering

Fredag 25. oktober 2019 vil Shuo Zhang disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Zhang forsvarer avhandlinga Table Search, Generation and Completion.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: The societal tradeoffs of increased data mining - how increasing data mining can improve or worsen society.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er Tom Ryen, leiar av Institutt for data- og elektroteknologi, Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).

Portrettfoto Shuo Zhang

Shuo Zhang