MENY

Disputas om kunnskapsbasert modellering av risiko

Onsdag 27. november 2019 vil Tore Askeland disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Askeland forsvarer avhandlinga Knowledge-based modeling for the analysis of operational risk.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Risk acceptance criteria – Rationale, implementation and alternatives.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er førsteamanuensis Jon T. Selvik ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-101 (kart).