MENY

Disputas om forbetring av søkemotorar på nett

Onsdag 4. desember 2019 vil Dario Garigliotti disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Garigliotti forsvarer avhandlinga Task-Based Support in Search Engines.

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: FACT-IR: Fairness, Accountability, Confidentiality and Transparency in Information Retrieval.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er instituttleiar Tom Ryen ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).

Disputas om forbetring av søkemotorar på nett

Dario Garigliotti