MENY

Disputas om marint redningsarbeid i kalde klima

Onsdag 15. januar 2020 vil Knut Espen Solberg disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Han forsvarer avhandlinga Safety and Emergency Response Associated with Cold Climate Marine Operations

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Research on survivability in polar marine accidents: challenges and opportunities.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15.

Leiar for disputasen er professor Tor Hemmingsen, leiar av Institutt for maskin, bygg og materialteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).