MENY

Disputas om bergartar og porevæsker

Onsdag 22. januar 2020 vil Tijana Voake disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Ho forsvarer avhandlinga Thermal properties of reservoir rocks, role of pore fluids, minerals and digenesis. A comparative study of two differently indurated chalks

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Thermal effects in producing chalk fields; observations, impact, mitigating actions.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15. 

Leiar for disputasen er Alejandro Escalona, leiar av Institutt for energiressurser, Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet. 

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).