MENY

Disputas om dynamisk maskinlæring

Fredag 7. februar 2020 vil Cristina Viorica Heghedus disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Ho forsvarer avhandlinga Dynamic Machine Learning Approaches for Data Driven Energy Informatics

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: The name service for the Internet of Things. Extend the Domain Name Service or use a new service?.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15. 

Leiar for disputasen er instituttleiar Tom Ryen ved Institutt for data- og elektroteknologi, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. 

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).