MENY

Disputas om modellering av fleirfasestraum

Torsdag 27. februar 2020 vil Yangyang Qiao disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Qiao forsvarer avhandlinga Mathematical modeling of compressible and incompressible multiphase flow based on mixture theory

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: An overview: mathematical modeling of CO2 storage in subsurface.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15. 

Leiar for disputasen er instituttleiar Øystein Arild ved Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. 

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).