MENY

AVLYST: Disputas om miljøpåverknad på stålbruer

Fredag 13. mars 2020 vil Nirosha D. Adasooriya disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Adasooriya forsvarer avhandlinga Structural Integrity of Steel Bridges: Environment-Assisted Cracking

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er: Life Assessment of Steel Bridges: Challenges and Current Practices.

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing og sjølve disputasen frå kl. 12.15. 

Leiar for disputasen er førsteamanuensis Knut Erik T. Giljarhus ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. 

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).