MENY

Disputas om energioptimalisering ved rensing av vatn

Fredag 8. mai 2020 vil Valeri Aristide Razafimanantsoa, ph.d.-kandidat ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, disputere for graden Philosophiae doctor ved Universitetet i Stavanger.

Valeri Aristide Razafimanantsoa forsvarer avhandlinga Energy optimization of biological wastewater treatment using rotating belt filters upstream BNR.

Prøveforelesing og disputas er heildigital og vil skje i Teams, evt. back-up i Zoom.

De er velkomne til å følgje med på denne digitale disputasen ved å logge dykk på her: Bli med i Microsoft Teams-møte

Eller, som naudløysing, i Zoom

Møte-ID: 639 9840 2697
Passord: 215502

Avhandlinga er publisert og tilgjengeleg frå Universitetsbiblioteket

De kan laste ned Teams eller bruke nettlesaren dykkar. Pass på at lyden på pc-en din fungerer, verten modererer resten. Rettleiing i bruk av Teams finst her

Hugs at det er berre vurderingskomitéen, ordstyrar og ph.d.-kandidaten som skal bruke lyden! Hugs å dempe mikrofonen når de ikkje snakkar.

Til publikum: Les retningslinjene nedanfor nøye:

  • Ikkje bruk videokameraet
  • Hugs å dempe (mute) mikrofonane sine for å unngå støy på linja
  • Ex auditorio-spørsmål: Disputasleiar vil invitere til ex auditorio-spørsmål, og desse kan skrivast inn i kommentarfeltet (chat) før den fyrste opponenten er ferdig med opposisjonen sin.
  • Vi rår alle til å teste datautstyret sitt før disputas.

De kan også klikke her for å følgje med på disputasen

 

Disputas om energioptimalisering ved rensing av vatn