MENY

Introduksjonskurs i NVivo

NVivo er eit godt verktøy for deg som skal jobba med kvalitative data, til dømes intervju, spørreundersøkingar, artiklar eller data frå sosiale media. Programmet hjelper deg med å effektivisera og strukturera prosessen med å analysera datamaterialet ditt.

På denne workshopen lærer du dei grunnleggjande funksjonane i NVivo. Du blir kjent med brukargrensesnittet og lærer å importera ulike typar data. Du lærer forskjellige måtar for koding og får øvd deg i å bruka desse. Vidare ser me på korleis ein kan foreta ulike spørringar basert på kodingane ein har gjort og korleis ein kan visualisera data. 


Målgruppe: Masterstudentar, PhD og tilsette ved UiS, studentar som skriv bacheloroppgåve er òg velkomne.  
Utstyr: Laptop med NVivo installert.  
Antall kursdeltakere: 15 
Undervisningsform: Workshop 
Krav til forkunnskaper: Ingen, men det er ein fordel om du har grunnleggjande kunnskap om metode/forskningsdesign
Kursholder: Universitetsbiblioteket

 

Etter kurset skal du kunne:  

  • Starte eit nytt prosjekt 
  • Kjenna til arbeidsflaten og kor du kan finna ulike verktøy 
  • Importere tekst, video/lyd og bilete/PDF 
  • Kjenna til ulike måtar for koding av data 
  • Transkribera i Nvivo 
  • Laga huskelappar og refleksjonsnotat  
  • Enkel datavisualisering 
NVivo Logo