MENY

Forsker Grand Prix 2020

Kom på Folken og sjå 8 doktorgradskandidatar i ein konkurranse om forskingsformidling.

Konseptet er enkelt: 8 doktorgradsstipendiatar fra UiS og SUS forteller om forskinga si på fire minutt - og DU kan stemme på den du syns er den beste formidlaren.

Arrangementet vert streama for dei som ikkje får billett. Dersom du ikkje får billett kan du sette deg på venteliste så sender vi deg informasjon om korleis du kan stemme. 

Lenke til streaming: hovewest.no/forsker

Det er Forskingsrådet og den årlege nasjonale forskingsfestivalen Forskingsdagane som er vertskap for den nasjonale finalen, som vert arrangert i samarbeid med Forskingsdagene i stavangerregionen.