MENY

Ullandhaug

Biblioteket på Ullandhaug ligg i Kjølv Egelands hus, og er det største av avdelingsbiblioteka. Her er det mange og varierte leseplassar, og du er velkommen til å studere her heile døgnet.

  • Bilde av tre studenter
  • Bilde av mor og datter som leser i biblioteket
  • Bilde av tre studenter i en blå sofa
  • Bilde frå Kongsgårdsalongen
    Kongsgårdsalongen er ein hyggeleg stad for gode leseøkter.

Døgnope

Biblioteket er døgnope for studentar og tilsette. For å kome inn når resten av bygget er stengt, drar du student- eller tilsettkortet ditt i kortlesaren ved inngangen nærast biblioteket (på sørsida av bygget). Du finn kart over inngangen her.


Leseplassar og fasilitetar

På Ullandhaug finn du alle typar leseplassar, frå stillesone og stillelesesal i underetasjen, til gruppebord, små bord, stå-bord og sofaer i første etasje. StudieverkstedetDataverkstedet og Kongsgårdsalongen er eigne område med heilt spesiell stemning. Treng du ein pause kan du òg teste ut massasjestolen vår i underetasjen.

Me har teppe og bokhaldarar til utlån. I skranken kan du låne iPad og diverse ladarar, samt få gratis øyreproppar.

Det er fleire printere i biblioteket. Desse kan du i tillegg kopiere og scanne på. Les meir her om korleis du tar utskrift.

På Ullandhaug har me også to 3D-printere som er til fri bruk for studentar.


Fagleg innhald

Biblioteket sine samlingar dekker fagområda på Ullandhaug. Med samlingar meiner me faglege bøker, tidsskrift, artiklar, filmar, doktor- og mastergradoppgåver mm.

Fagområda på Ullandhaug er organiserte etter fakultet. Sjå meir på fagsidene våre.

Det blir arrangert mange nyttige kurs på UllandhaugDu finn kursoversikt her. 


Foto: Marte Pupe Støyva