Lån og forny

På Universitetsbiblioteket i Stavanger kan du låne bøker og anna materiale, heilt gratis!

For å låne materiale frå biblioteket må du ha studentbevis, tilsettkort eller anna lånekort. Alle personar over 16 år kan få lånekort hjå oss. Ta kontakt med oss i skranken, så hjelper vi deg!

Lånetida er vanlegvis tre veker. Du kan fornye låna dine dersom det ikkje er venteliste. Du kan enkelt fornye låna dine sjølv ved å logge deg inn på www.oria.no. Du finn meir informasjon om korleis du fornyer lån her.

Hugs at du er personleg ansvarleg for det materialet du har lånt. Dersom du leverer for seint, eller dersom du mister nok, risikerer du å måtte betale purregebyr eller erstatningskrav. Les alle lånereglane for Universitetsbiblioteket i Stavanger her.