MENY

Fornye lån

Du kan fornye låna dine sjølv, enten via våre nettsider eller på utlånsautomaten i biblioteket.


Du kan fornye låna dine i Oria.

  • Trykk Logg på øvst til høgre på skjermen.

  • Vel tilhøyrsle Universitetet i Stavanger.

  • Logg på med FEIDE.

  • Gå til Min konto.

  • Forny alle lån ved å klikke på Forny alle, eller klikk Forny på kvar enkelt lån.
     

Dersom du ikkje er student eller tilsett ved UiS vel du Bibsys som tilhøyrsle. Brukarnamn er [lånenummer]@bibsys.no. Passordet får du i ein e-post når du blir registrert som lånar.
 

Lån kan ikkje fornyast dersom:

  • Materialet er reservert av ein anna lånar.

  • Du har hatt bøkene i 6 månader (2 år for tilsette). Desse kan fornyast dersom du tar dei med til biblioteket, og materialet ikkje er reservert av ein anna lånar.

  • Du har fått erstatningskrav på eitt eller fleire lån.

  • Du har meir enn 100 kr i gebyr.
     

Kontakt biblioteket dersom du har problem med fornying.