MENY

Lånarar utanfor UiS

Universitetsbiblioteket er eit offentleg bibliotek som kan nyttast av alle.

Privatpersonar kan ta kontakt med skranken i biblioteket i bemanna tid for å få lånekort hos oss. Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon. Du må ha fylt 16 år. Kortet er personleg og kan ikkje brukast av andre.

Studentar ved andre universitet og høgskular er velkomne til å bruke universitetsbiblioteket i Stavanger. Ta kontakt med skranken i biblioteket, så hjelper vi deg.

Universitetsbiblioteket i Stavanger kan dessverre ikkje hjelpe privatpersonar med innlån frå andre bibliotek. I slike tilfelle kan ein kontakte sitt nærmaste folkebibliotek.