MENY

Lånereglar

Kven kan låne?
Universitetsbiblioteket i Stavanger er eit offentleg bibliotek. Lånerett blir gitt til personar over 16 år.

Registrering
Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon. Kortet er personleg og kan ikkje brukast av andre. Lånar skal gjere seg kjend med lånereglane før kortet blir tatt i bruk.

Studentkort ved UiS gjeld som lånekort. Studentar melder adresseendring i Studentweb, andre tek kontakt med biblioteket.

Lånetid
Det er tre veker lånetid for bøker, studentoppgåver, filmar, tidsskrift og liknande. Lånetid for noter er seks veker. 

Alle lån frå universitetsbiblioteket blir automatisk fornya, med mindre det er andre lånarar på venteliste eller ein har hatt lånet i 6 månadar. 

Lån frå andre bibliotek blir ikkje automatisk fornya. Desse kan ein kan sjølv fornye ved å logge seg på Oria.

Lån som ikkje kan fornyast vil bli purra, og ein kan motta gebyr og erstatningskrav for desse. Du finn meir informasjon om gebyr og betaling her

Bestille lån og kopi
Bøker som ikkje er utlånt kan ein sjølv finne på hylla. Bøker som er utlånt kan reserverast. Bøker og artiklar vi ikkje har i vår samling kan vi bestille inn. Vi gjer dette for eigne studentar og tilsette ved UiS. Eksterne studentar får tilbod om innlån av bøker vi ikkje har i vår samling. 

Ansvar
Lånar er personleg ansvarleg for alt som er registrert på lånekortet. Vidarelån til andre er ikkje tillate.

Studentar pliktar å lese e-postmeldingar frå biblioteket.

Tap av lånerett
Misleghald av lånereglane kan medføre tap av lånerett ved biblioteket.