MENY

Bibliotektenester for bedrifter og forskingsinstitusjonar

Universitetsbiblioteket skaffar dokument til bedrifter og forskingsinstitusjonar etter avtale.


Tenestar frå Universitetsbiblioteket:

  • Lån frå biblioteket sine samlingar. (Sjå lånereglar her)
  • Lån av dokument frå andre bibliotek.
  • Bestilling av kopiar og tidsskriftartiklar.

Kontakt Avdeling for publikum for å inngå avtale med universitetsbiblioteket: E:post ub@uis.no. Telefon: 51 83 11 00


Bestilling av dokument
Send bestillingar på bøker og artiklar via Oria, eller på e-post til biblioteket. 


Levering av dokument
Leveringstida er avhengig av om dokumentet finst i eigen samling, eller om vi må skaffe lån eller kopi frå eit norsk eller utanlandsk bibliotek. Kopiar og bøker frå eigen samling vert sendt eller gjort klare for henting same dag.


Kopiar
Artiklar blir normalt sendt i posten. Dette på grunn av lovar om copyright. Normal leveringstid for artiklar er 1-7 dagar. Du må gje beskjed ved bestilling dersom du ønskjer å hente artiklane i biblioteket. Mottakaren kan behalde artikkelkopiar.


Lån
Alle lån må hentast på, og leverast tilbake til universitetsbiblioteket. Vi sender beskjed på e-post når bøkene er klare til henting. Hentefrist er fire dagar. Bøker som ikkje vert henta innan fristen vert returnert. Normal leveringstid er 4-8 dagar.


Prisar   

Lån av dokument frå eigen samling: Gratis
Dokument lånt inn frå andre bibliotek: 200 kroner
Artikkelkopiar levert frå eigen samling eller andre bibliotek: 200 kroner

Dersom innlånet eller kopien kostar meir enn 200 kroner, vil dette blir avtalt før bestillinga blir effekturert.

Faktura for artikkelkopiar og innlån blir sendt kvartalsvis.