MENY

Søkekurs for bachelorstudentar

Dette kurset gjer deg ei kort innføring i korleis du kan søka etter litteratur til oppgåva di. Du vil få nyttige tips til søking og korleis du kan reservera bøker eller artiklar via biblioteket.

Målgruppe: 2. eller 3.årsstudentar

Forkunnskaper: Ingen

Undervisningsform: Førelesing

Utstyr: Laptop

Påmelding: Bestilt av faglærar

Varighet: 1,5-2 timar

 

Etter dette kurset skal du kunne:

  • Finna og vurdera vitenskapeleg og fagleg litteratur til di oppgåve  
  • Bruke søketeknikkar som boolske operatorar, trunkering, frasesøk etc.
  • Utvikla gode søkeord
  • Avgrensa og utvida ei treffliste
  • Vite korleis du kan planlegga eit godt litteratursøk
  • Vite korleis du lagrar søk i ORIA
  • Skilnaden på emnesøk og fritekstsøk
  • Skilnaden på enkelt søk og avansert søk
  • Kjenna til Kildekompasset og ha grunnleggjande kunnskaper om kildekritikk og god henvisningsskikk