MENY

Korleis søke?

Biblioteket kan hjelpe deg med å søke etter faglitteratur, uansett om du er nybegynnar eller professor. Me tilbyr kurs og rettleiingar i litteratursøk på ulike nivå. Ta kontakt med oss, så hjelper me deg!

Kurs

Biblioteket held ei rekke søkekurs kvart semester. Sjekk kurskalenderen vår for å sjå når neste søkekurs er sett opp.

Individuell rettleiing

Du kan låne ein bibliotekar dersom du treng individuell rettleiing i avansert litteratursøk. Dersom du treng ei generell innføring, anbefaler me at du kjem på eit av våre kurs. Du kan også ta kontakt med oss i skranken i biblioteket, så kan me hjelpe deg med å kome i gang.

Fagsider

Sjekk ut fagsida for ditt fag! Her finn du mange gode tips til kor du finn faglitteratur om ditt fag.

Nettkurs og ressursar

Du finn fleire gode nettbaserte kurs på nettsidene våre. I tillegg anbefaler me sterkt at du tek ein kikk på nettressursane Kildekompasset og Søk & Skriv. Her finn du mykje nyttig stoff!