MENY

Eining for studentservice (ESS)

Eining for studentservice er den største av einingane som samen utgjer Utdanningsavdelinga. Vi forvaltar, koordinerer og vidareutviklar mange av UiS sine studieadministrative prosedyrar og system.

Våre oppgåver og ansvar består blant anna av følgande:

  • Opptak til grunnstudium, realfagskurs og forkurs for ingeniørar
  • Felles studentsystem (FS), inkludert rapportering av data til aktuelle aktørar
  • Planlegging og avvikling av skriftleg eksamen, samt digital eksamen
  • Særordningar til eksamen
  • Timeplanlegging for heile universitetet
  • Rom-booking og utleige av rom til arrangement
  • Rettleiing av studiesøkarar og studentar
  • Koordinering av arbeid med tilrettelegging for studentar med nedsett funksjonsevne
  • Arrangere kurs for studentar
  • Utskrift av vitnemål
  • Levere relevant innhald til UiS sine nettsider
  • Lågterskel informasjonstilbod for studentar i Studentekspedisjon
  • Sentralbord for heile universitetet


Du kan besøke oss i Arne Rettedals hus. Her finn du oversikt over kven vi er og kva vi gjer.